top of page

Leiesaging

Har du ein stokk eller fleire liggande som du kunne tenkje deg å lage noko fint eller nyttigt av. Då kan vi anbefale deg å ta kontakt med oss for leieskjæring. Det er fint å kunne vere med på heile prosessen frå hogging til ferdig produkt. Å gjere heile prosessen lokalt gjer også meining. Treng du hjelp til små hogst- eller fraktoppdrag i skogen kan vi hjelpe deg. Vår skogsmann har lang erfaring med slike oppdrag. Ta gjerne kontakt for ein hyggeleg sag eller hogstprat.

Produksjon på Vik Sag

Trevirke

Under hogsten ser vi etter seintvokste tre. Desse vil gje material med stor bæreevne og kvalitet til alle formål. Heldigvis har vi mykje av desse her lokalt og vi gjer det vi kan for å få tak i dei.

bottom of page